mandag 21. april 2014

Strikk i bruk: Kvikklunsj lue

Denne serien handler om ting eg har strikka og korleis dei blir og tåler bruk. Rett og slett ein tråd for dokumentasjon av garntype og oppskrifter. Eg kjem også til å publisere bilder av ting vi får eller strikk eg ser i bruk som inspirerer. Eg håper at dette kan bli en fast tråd framover og at det kan være interessant for andre også.

Kvikk lunsj lua som har gått som ein farsott over det danskeland har også min kjæres mormor strikka til alle som er i familien. Den blir brukt for andre sesongen og er eit populært hodeplagg. Eg syns også lua er fin og veldig veldig norsk. Eg skulle gjerne brukt min meir eg også, men eg brukar ikkje lue før eg må... No driv eg å funderer på om eg må strikke ei solo lue til min kjære sånn at han har noko å bytte på. Det er jo moro med desse norske ikonene på strikkeplagg.
Bildet er fra årets påske. Ein av skiturane i nyedelig vær i Tisleidalen, Valdres.
Oppskrift: Her.

mandag 7. april 2014

Sinnasaujakke

Sauer er spesielt for meg. Oppvokst på gård med sauer og odelsjente. Eg tenkte med ein gang at dette var ei jakke eg skulle strikke til meg sjølv. No er den ferdig! Det tok meg godt over 2år å få den ferdig, så det var godt. Den var ikkje vanskelig å strikke, og mønsteret var godt skreve. Det var heller meg som var uerfaren og kasta meg ut i eit sånt stort prosjekt, eg er heller ikkje så veldig glad i lange rettstrikka partier sjølv om det kan være fint til tider. Ein anna ting er også det at det har komt andre prosjekter som har vært meir fristande å strikke enn denne, eg er i følge tester (belbins-test)  ikkje nokon ferdigstiller. Av og til må eg bare ta meg i nakken!
 Eg prøver å gi det eg strikker mitt eget preg og uttrykk. Når det er ei så populær jakke å strikke og det kjem mange utgaver av den, prøver eg å gjøra noko ingen andre har gjort. Eg er heller ikkje glad i striper på så store plagg, dermed vart det heller ingen utprega striper på jakka mi. Sauene er i mitt hode ikkje heilt kvite, derfor vart sauene på jakka også litt spettete. Eg skifta på å strikke annakver med kvitt og baige og to kvite, ein baige. Augene er blå, dei har eg også strikka. Bak sauana har eg også strikka inn litt mørkere parti, ellers komponerte eg litt mønster sjølv. Heilt enkle border med annakver farge og skifta på det.
 I og med at eg ikkje ville ha dominerande striper, strikka eg striper som går over 1 omg (bortsett fra øverste del, der er det gjort som i oppskrifta). Eg valte to hovedfarger som var ganske nære kverandre  i farge, den eine fargen var effekt garn som skifta nyanse etter som eg strikka. Desse to skifta eg på å strikke annakver omg med. På denne måten fikk eg striper, men på avstand gir det eit heilt blått uttrykk.
 Nederst på armene brukte eg ein lys grå farge (PT2) som erstatta den eine bunnfargen, dette på grunn av mangel på garn i den fargen. Eg fikk nok av den fargen til å strikke ribbekanten nede og nesten heile knappestolpen. Eg måtte ty til den eine blåfargen som eg har brukt rundt sauene til den siste omgangen og fellinga på knappestolpen. Det var eg veldig usikker på om blei bra når problemet oppsto, men det vart bra.
 Eg er veldig fornøyd med jakka. Den er god og varm, men også lett.

Når bildene blei tatt blåste det veldig. Eg syns også det er litt uvant å bli tatt bilder av på denne måten, men det er fint med litt bilder av plagget på også:)
Pinne: 2,5 og 3
Garn: Kauni, Fin ull og PT2
Vekt: 344g
Oppskrift: Pinneguri, her.
Ravelry prosjektet finner du her.

mandag 31. mars 2014

Mars

Eg tenkte å begynne å oppsummere den siste måneden her på bloggen og strikkerelatert (det som eg har stikka, men som er ublogga). 

Mars var restegarnets måned. Eg bestemte meg for å strikke opp enslige nøster og rester eg hadde liggende. Det endte med 7 luer. Eg får lett dilla og då blir det fort fleire enn bare to, men dilla kan gå like fort over igjen. Luene er ublogga så det kjem mange blogginnlegg om dei snart.

Eg publiserte oppskriften på enkle eggvarmere, den finner du her.


Eg fikk endelig gjort ferdig Sinnasau jakka mi. Endelig fordi eg har brukt veldig lang tid på den, og fordi eg syns den vart kjempe fin! Den er ublogga så det kjem eit eget innlegg om den om litt.

Så har eg fortsatt å strikke på Tuin som eg starta på i januar. Du kan lese meir her. Og her er prosjektet på ravelry.

Tuin får ligge litt i og med eg har begynt på Next year in Lerwick som eg begynte på i midten av mars. Det var belønninga for å gjøre ferdig Sinnasauen. Eg har strikka den første mønsterdelen på bolen og er i gang med den andre. Foreløpig er eg nogelunde fornøyd med fargene, men er usikker på korleis det blir når eg kjem til den mørkaste delen på genseren. Du kan lese meir her, og her er prosjektet på ravelry.

søndag 30. mars 2014

Inspirasjon





Inspirasjon for meg er viktig. Det gir meg nye ideer, tips, glede og så er det moro å sjå kva andre lager. Bildene over har eg henta fra instagram, pinterest og nokre facebookgrupper eg er medlem i. Kofte gruppa på facebook f.eks. Der er det masse flotte kofter og mønster som blir lagt ut daglig og masse insoirasjon. Ellers har Sandnesgarn gjort mykje med designet sitt i det siste, de kan også følges på facebook (søk på Sandnesgarn). På pinterest er det masse å hente, eg kan sitte i timesvis. Instagram er min favoritt inspirasjonskilde, her finner eg mange strikkere som deler det dei holder på med og eg deler tilbake.









          


Når eg bruker ipad eller iphonen tar eg eit screenshot av skjermen min, og så lagrer bildet seg i bilderullen sånn at eg lett kan finne det igjen med kven som har lagt det ut og kvar eg fant det.




Du finner meg som solas06 på instagram og her på pinterest.

Kva inspirerer deg, og kvar får du inspirasjonen din fra?

onsdag 26. mars 2014

På pinne: Next Year in Lerwick og usikkerheten

Kasta meg ut i det... Den flotteste genseren eg har sett på lenge, og kanskje den mest kompliserte når det kjem til farger. Next year in Lerwick skal nemlig strikkes med BARE 11 farger. 11 farger! Tori, du imponerer!
Sinnasauen min er ferdig, eg kunne begynne å planlegge og rote rundt i garnet mitt. Eg ente til slutt med ein kombinasjon Finull og PT2 som er omtrent det samme garnet. 
So far so good seier eg... Eg trudde eg var god med farger (mamma forteller meg alltid det), men no begynner eg å bli usikker på det. Med 11 farger er dette ei STOR utfordring og eg syns det er vanskelig. Har eg valt riktige farger, og harmonerar dei nok?
Her kan du sjå prosjektet mitt i ravelry.

Oppskrift: Ravelry.


Edit: 31.03.14 
Det ser bra ut så langt og det ser ut som gråfargen går bra mot grønnfargene eg har strikka med sålang. No har eg delt av til armer og har strikka den første mønsterrapporten på bolen. Eg er spendt på korleis den mørkaste rapporten blir, og eg skal strikke med 3 farger på mønsteret. Bunnfargen eg har valt er nesten svartgrønn, så eg håper eg finner noko som syns godt nok til den. Eg kjem tilbake med oppdatering!

torsdag 20. mars 2014

På pinne: Tuin

Som vanlig er det mange prosjekter på pinne og i hodet. Sånn er vel livet som strikker har eg skjønt. Tenkte å vise eit av mine pågående prosjekter. Dette er Tuin, som Tori har lagd mønsteret til. Eg liker mønsteret veldig godt, men velger å ikkje strikke bolen i to partier som det er orgianlen. 
Eg strikker i Pickles Merino Tweed i fargen Petrol og Høsthimmel, på pinne 4, 3,5 og 3. Så langt har eg komt halveis på bolen og den passer til meg.

Oppskrift: Ravelry.

tirsdag 11. mars 2014

..

Follow my blog with Bloglovin

Problem


Eg er i ferd med å gjøre ferdig Sinnasau jakka mi. Eg viste på forhånd at eg ville ha problemer med å få den eine fargen eg strikker i til å rekke til heile jakka, derfor har eg suplert med litt her og litt der...
Så skulle eg strikke knappestolpene som eg hadde lyst til at skulle være i den fargen eg strikka halsen og ribben neders i. Det vesle eg satt igjen med måtte holde. Og det ser det ikkje ut til at den gjør... 1m med garn igjen som skal holde i 2 omganger til og felling! Det dumme oppi det heile er at eg kunne fint kjøpt meir garn, hadde eg bare tatt vare på lappen til garnet og huska kva farge nr den har og butikken har slutta å føre garnet. Kauni er eit garn som har veeeldig mange farger...
Så kva gjer eg?

tirsdag 4. mars 2014

Luedilla

Får fort litt dilla...
Sånn kan det gå. Det var fort gjort å strikke 4 luer. Målet var å få brukt opp litt restegarn. Det vart fort moro å strikke luer med forskjellig mønster.
Skal ikkje sjå bort i fra at det kan bli fleire, eg har lyst til å strikke ei til vertfall... 

lørdag 1. mars 2014

Gratis Oppskrift: Eggevarmere

Dette er kanskje noe du kan strikke til påske? Kanskje det passer som vertinne gave eller bare som en liten påskehilsen. Her er oppskriften til eggevarmere eg strikka i julegave. De falt veldig i smak hos mottaker, så det kan hende eg må strikke fleire. 

Oppskriften er enkel og rask å strikke. Du strikker fort noen på en kveld. 
Garn: Rauma Fin ull (rester i forskjellige farger), Pinne: 3. 
Legg opp 32m på pinne 3. Strikk 2r, 2vr i 7cm. Fell 1m i kver rette parti. Strikk to omg til. Dra tråden gjennom resterende masker.
Brett opp, og fest to plasser, fest tråder og lag dusk.

Nå har du noe du kan pynte og varme eggene dine med!

Kos deg!