Jul og Nyttår feires i Thailand.
fredag 20. desember 2013
søndag 1. desember 2013
Tiddelibom: Projo-Vottealong: Novembervotter
Vottene strikka eg i Rauma Fin ull og Pt2 rester. Dei er små i størrelse og smale på grunn av ingen tommelåpning, så dei passer nok til små dame hender. Eg valte også å dele partiene opp i fleire farger. Det er tilsammen 6 forskjellige farger. Di var og raske å strikke.
Pinne: 3
Garn: Rauma Finull og PT2 (rester)
Vekt: 51g
Oppskeift: Her.
søndag 24. november 2013
Freja: Projo-vottealong: Oktober votter
Så var også oktobervottene av pinne og trådene festa. Denne gangen var det Freja som eg valte av dei to oppskriftene.
Vottene er raske å strikke, og mønsteret er greit å følge. Men det er lurt å være nøye med å snurre trådene.
Vottene strikka eg i Heilo fordi eg ville ha litt større votter denne gangen, men dei vart veldig store i det garnet. Mulig eg må tove dei litt, vis eg ikkje finner nokon som har store nok hender som kan bruke dei.
Gran: Heilo, marineblå og hvit.
Vekt: 107g.
Opskrift: Ravelry (gratis).
lørdag 23. november 2013
Marius Lue
Mariusbølgen skyller over oss som aldri før. Vi finner Mariusmønsteret på alt. Eg har ennå ikkje strikka noko i det mønsteret, før no. Men så hadde eg tre nøster med freestyle som eg ville bruke opp...
Garn: Freestyle fra Dale garn
Pinne: 4 og 4,5
Vekt: 84g
Oppskrift: Mariusboka.
Så eg fant fram Marius boka mi (som eg såklart måtte ha i bokhylla), og strikka dame lue. Eg brukte bare to to farger, men syns det vart fint sånn også.
Lua vart stor i dette garnet, men eg syns ikkje det gjør noko. Den er god og varm, det er jo det viktigste.Garn: Freestyle fra Dale garn
Pinne: 4 og 4,5
Vekt: 84g
Oppskrift: Mariusboka.
fredag 18. oktober 2013
Dagny: Projo-vottealong: september votter
Jammen er det 9.paret med votter komt av pinne. Dei låg ferdig uten trådene festa, men så fikk eg ånden over meg her om dagen. Godt var det. Nye votter er nemelig på pinne!
Garn: Fabel og Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 66g.
Oppskrift: Ravelry.
Denne gangen var det vottene Dagny (oppskrift her) som skulle strikkes. Nydelig navn, nydelig mønster. Eg valte haustfarger og kvit til mønsteret. Syns mønsteret kom godt fram på denne måten.
Det er vanskelig å få fram lillafargen i garnet, men det er bildet over som viser fargen best.
Vottene er smale, men mønsteret gir tette votter. Som vanlig strikka eg kortere mansjetter. Eg valte også å strikke striper på vottens inside i stede for det som var foreslått i mønsteret. Det tar opp stripene i mansjettene.
Garn: Fabel og Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 66g.
Oppskrift: Ravelry.
søndag 29. september 2013
Britta Mitten: Projo-vottealong: August votten
Vottene kjem på løpende bånd her. Fikk plutselig tommelstrikkeånden over meg...
Her er augustvotten Britta.
Også denne gangen valte eg å strikke med fleirfarga garn, men no valte eg ein mørk bakgrunn. Eg liker godt at dei vart så forskjellig fra noko eg tidligere har strikka. Eg liker dei veldig godt. Fargene på det fleirfarga garnet kjem godt fram mot den mørke bakgrunnen.Denne gangen vart også fargeskiftet forskjellig. Vottene er likevel like når man ser på dei to vottene sammen. Det hadde vært fint om fargeskiftene hadde vært meir koordinert, men i og med at eg strikker av rester så var det ikkje så enkelt å få til.
Dei er litt små i størrelse, og sitter godt på mine hender.
Garn: Sisu (bunnfarge) og Drops Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 75g
Oppskrift: Ravelry. (Finnes også i lue).
lørdag 28. september 2013
Ei hand å holde i: Projo-Vottealong: Juli votten
Så var endelig juli-vottene ferdig også. Denne månden vart det pulsvanter; Ei hand å holde i, av Randi K Design. Oppskrift finner du her.
Eg prøver å bruke andre farger enn det eg bruker mest, så eg valte å strikke med oransje og mørke rosa som kontrastfarger. Og eg fikk lære noko nytt med dette mønsteret; latviskflette. Det ser meir avansert ut enn det virkelig er. Bare holde orden på trådene. Ellers var mønsteret enkelt å strikke, eg liker kontrasten mellom den grafiske innsida mot det organiske blomstene på framsida.
De er litt små, så kan med fordel strikkes på pinne 3.
Garn: Finnull og PT2.
Pinne: 2,5
Vekt: 55g.
Oppskrift: Ravelry.
mandag 9. september 2013
Florisse Mittens: Projo-vottealong: Juni votter (2)
I juni valte eg å strikke begge parene i alongen til Projo. Eg likte begge mønstera så godt.
Dette er Floriss Mittens som er designa av Bitta Mikkelborg, oppskriften finner du her, det samme designet kjem også i sokker og lue.
Eg valte også denne gange å strikke med fleirfarga garn, og bruke kvitt på blomstene. Ligner litt på ei blomstereng med kvite blomster. Tilfeldig vart tuppene på vottene oransje og tommlene like i farge. Eg ville ikkje nøste meg farm til like fargeskift, men la det være opp til tilfeldighetene.
Eg liker godt fargene og kombinasjonen med mønsteret og fargeskiftene i garnet.
Garn: Sisu fra Sandnesgarn og Nordlys fra Viking.
Pinne: 2,5
Vekt: 60g
Oppskrift: Ravelry.Det andre paret i alongen til projo for juni kan du sjå her.
tirsdag 3. september 2013
Midnattsol: Projo-Vottealong: Juni votter (1)
Dette mønsteret har stått på strikkelista mi lenge, så eg vart glad når eg såg det var eit av dei mønstera vi kunne velge mellom som junivotter i aongen til projo.
I og med at vottene strikkes på pinne 3,5, er dei raske å strikke. Det er supert for restegarn. Det gir tjukke og gode votter. Eg er svært fornøyd med mine votter sjølv om eg sleit med å finne riktig fargekombinasjon til å begynne med. Her har eg brukt 5 forskjellige farger i blå, grønn og grå toner. Det var ein utfordring å finne farger som harmonerer godt sammen, som viser mønsteret godt og som (om mulig) kjem fra mitt garn lager.
Garn: Smart fra Sandnesgarn
Pinne: 3,5
Vekt: 95g
lørdag 17. august 2013
Dette strikker eg på...
Akkurat no strikker eg for det meste votter til Projos vottealong. Eg har strikka nokre par nesten ferdig, og har begynt på augustvottene. Det er noko eg liker, fordi eg får strikke oppskrifter eg kanskje ikkje hadde valt sjølv. Under ser dere ein liten smakebit på to av dei forskjellige parene.
Det blir mykje votter, men eg strikkar også andre ting som står litt lavere på prioriteringslista. No håpar eg at eg snart har noko ferdig å vise fram. Kanskje eit par vottar?
Abonner på:
Innlegg (Atom)






















