søndag 19. september 2010

Søte Tilda med blomst

Dette kortet lagde eg for lenge, lenge sea. Så dukka det opp på bordet mitt, og eg fant ut at det ikkje var blidt vist fram her heller.
Stempel frå magnolia. Papir frå 3endypapir, octoberafternoon og panduro. Motivet er fargelagt med promarkertusjer.

Kortet er også å finne i epla butikken min.

lørdag 18. september 2010

Trykkpressa september, skisse.

Her kjem mitt bidrag til trykkpressas utfording i september, denne gangen ei enkel skisse. Eg har valt å holde kortet mitt enkelt med få elementer. 
Mønsterpapir frå octoberafternoon og 3endypapir. Chipboard, halvperler, rubons frå ett trykk og colorbox-dark brown blekk.

onsdag 15. september 2010

Hurra

ENDELIG! Ja, det er nesten sånn eg jubler av glede. Kroken med alle kort-tinga har stått i fred sea begynnelsen av juni og eg har ikkje lagd kort på kjempe lenge. Eg fikk lyst å lime litt papir igjen her om dagen. Det begynte med å lime ein del rester på kopiark, ha på gesso og spraye med litt forskjellige mister. Så fant eg mønsterark eg satte sammen og plutselig vart det eit kort! Mykje farger og mønster, men eg syns det vart litt artigt lell... Hunden er så søt, den er frå penny black og er fargelagt med distress ink. Den grønne stickersen er frå heidi swapp.


Stempel: Penny Black.

-Kven veit, kanskje det blir fleire kort???

tirsdag 14. september 2010

Lopper

Eg syns det er moro å gå på skattejakt. Skattejakta går i bruktbutikker, loppemarkeder eller som denne gangen på Dyrskuen. 

Koselig talerken i oransje og grønn.
Tekanne som eg falt for ved fyste øyekast.

Ei søt lita skål.

søndag 29. august 2010

Gratulasjons kort.

Dette kortet lagde eg for lenge, lenge sida. Bakgrunnen har eg lagd sjølv. Eg hugser ikkje kva eg har brukt, men det er ein miks av restepapir, embossingpasta og forskjellige mister.

Bokstavene er frå heidi swapp og swirlene er frå prima.




fredag 20. august 2010

Publisert i Ett trykk nr 3.

Dette kortet vart publisert i ett trykk, temaet er bursdag. Eg har vist gløymt å vise det fram før no. Bedre seint enn aldri!

Stempel: Hänglar og Stänglar. Blekk: Color box- Dark brown, Archival ink- jet black. Papir: Mønster papir frå October Afternoon og 3endy papir. Anna: Promarker tusjer, glimmermist, halvperler, svart tusj, puncher frå martha stewart, bokstaver frå tickets.

tirsdag 17. august 2010

SALG I EPLA-BUTIKKEN MIN!

Eg har SALG i epla-butikken min. Nesten alle produktene er satt ned til halv pris. Varene som er satt ned er merka med SALG med store bokstaver, og prisen er satt ned.


Her finner du den vesle butikken min.

tirsdag 10. august 2010

Kort til deg...

På tide å oppdatere litt her igjen... Har ikkje så mykje å vise av ulike årsaker, men det nærmer seg skulestart og då håper eg at det blir meir kreativitet igjen.

Dette kortet lagde eg for ikkje så lenge siden. Bakgrunnen er heime laga med div mister og distress. Den stripete borden er lagd av reste papir, som også har fått litt mist på seg. Ellers har eg brukt ein puncher frå ek suksess. Bokstavene er frå tickers.

Bildet er vist litt skeivt, beklager det.

onsdag 4. august 2010

Eit spesielt kort...

Tida går fort, og det er mykje som skjer... Alikevel har det blidt eit kort til. Mamma kom med eit ønske om eit kort med maritimt preg og grønn kartong til ein personlig anledning som betyr mykje for mange i min slekt/familie. 

Eg har teikna og malt sjølv med akrylmailing, blekk, tusj og anna. Havet har eg bygd opp med papir biter. Båten skal være båten til bestefar som har mykje å si for denne anledningen.
Kven trenger vel stempel, når det fines maling og tusjer???

torsdag 22. juli 2010

Blogging er dessverre ikkje noko eg prioriterer om dagen, har nok å henge fingra i for å si det sånn....

Det er lenge sea eg har gjort noko kreativt no, og det hender eg kjenner det klør i fingra... For nokre dager sea lagde eg eit kort som bestemor skulle få, det kom heldig vis fram i går. Motivet har eg teikna sjølv, syns ikkje det vart så veldig bra... men det er tanken som teller. 
Uansett er eg kjempe glad for at det kom fram i tide, eg fikk sagt det eg ville og no har du fått fred til å kvile. Glad i deg, Bestemor.