fredag 21. august 2015

Strikkefasthet

Eg strikka prøvelapp, og begynte å strikke med pinne 3,5 i pickles pure wool. Det skal sies at eg trudde det ville bli for løst, men å strikke ei jakke på ein pinne mindre frista lite. Eg begynte å tvile når eg var komt 17cm på veg, at eg ikkje såg at det vart for løst før er litt dumt. Det var bare ein ting å gjøre da, ta seg selv i nakken og innse nederlaget. Det er Damejakke Elinor av Pinneguri eg strikker. 
Begynne på nytt! Heldigvis seier eg, for eg oppdaga fleire feil i det første forsøket. Eg har lest oppskrifta feil, og har auka til ermer på feil måte (eg syns også at oppskrifta er litt dårlig skrivd).

Eg valgte å ikkje rekke opp igjen den første eg strikka, for å sjå forskjellen på det å strikke med ein mindre pinne. Ein ting er tettheten av masker, men ein anna ting er også at det blir mindre og passer strikkefastheten i oppskrifta bedre. Litt interessant å sjå forskjellen syns eg.
Konklusjon: Med min strikkefasthet på pinne 3 og med pickles pure wool, skiller det 4cm i lengden fra den eg strikka på i pinne 3,5. Så det er absolutt viktig å strikke prøvelapp før man begynner å strikke på den endelige oppskrifta!

-Eg har ikkje målt om den passer rundt ennå, så det er fortsatt litt usikkert.

søndag 16. august 2015

3 par sokker

Til påske strikka eg 3 par sokker i gave. Sokker står høgt på ønskelista i familien og det er storforbruk store deler av året. Så eg veit inderlig godt at det er gave som blir tatt godt i mot. Disse sokkene var ein del av påsekegget dette året. 


Fra venstre til høgre:
Damesokkane til venste er strikka i PT sport og er i str 36. Det gikk fort å strikke dei, eg brukte 48m til desse og strikka vanlig ribbestrikk med hæl.
I midten er det herresokker. Dei er strikka i Hakkespett garn fra Dale. Veldig fint garn å strikke med, og greit at tråden skifter farge når man skal strikke sokker i str 43. Her brukte eg 52m vis eg hugsar riktig.
Til høgre er det herresokker strikka i flaggarnet til Mellan raggi. Eg syns det var moro å strikke med det garnet, men vanskelig å få sokk nr 2 lik. Eit nøste holdt akkurat til sokker i str 42 med 52m.

-Når man strikker med fleirfarga garn, må sokkene være like da?

Sokkane vart tatt i bruk allerede etter at påskeegget var åpna og dei virka fornøyde med sokkane. Det ser ut til at eg må begynne å strikke sokker igjen snart. Er jo ikkje lenge til jul og sokkestrikking er ikkje min favoritt av ein eller anna grunn....