Februar inneholdt:
"Strikk i bruk: Raggsokker med ein twist" (1): Som eg håper kan bli ein fast tråd her inne etterkverdt. Håper det kan være litt interessant at eg skriver om garn og strikkaplagg i bruk.
Spaceinvader-genseren (2): Endelig er den ferdig! Det var den UFOen eg var minst fornøyd med at var ein UFO og skulle så ønske at den vart ferdig. Min kjære bror er no den heldige eiger av den.
Fantasikofta (3): Eg fant fram igjen prosjektet eg begynte på i sommer. No har eg faktisk strikka meg eit stykke ned over bolen, og nærmer meg ny mønsterbord. Å strikke lus tar jammen lang tid.
Strikkelyst og restegarn (4): Så viste eg fram det eg strikker på når det ikkje frister å strikke på dei prosjekta eg har begynt på. For meg har det blidt ein leik å finne ut kva slags lue eg kan strikke av det "restegarnet" eg har liggande.
Utenfor bloggen:
Sokker: Eg strikker sokker. Mulig eg snart kan kalle meg ein sokkestrikker, og godt er det fordi sokkeskuffene rundt om trenger ein oppfrisking.
Marius-genser: Eg trudde aldri eg skulle bli eiger av ein mariusgenser, men så vart eg inspirert på instagram. Min blir grå (fra lageret), blå og litt mørk rosa (!). Det blir den ribbestrikka varianten, rett og slett fordi eg syns den skiller seg ut.
Ellers oppdaterer eg meir på instagram, så vis du har lyst kan du ta en titt der. Brukernavnet er solas06.