fredag 31. oktober 2014

Oktober

Oktober skulle være måneden der eg prøver å gjøre ferdig ting, og begynne å strikke julegaver. Det har eg overholdt. Det føles godt å få ferdig prosjekter som har logge lenge og å begynne på årets julegaver. Det blir ein del like gaver i år, det får vises på bloggen etter julaften. Utrulig godt å ha begynt på og begynne å stryke av lista. Eg kjem til å fortsette med det også i november. 



Restegarnsprosjektet:
Viste fram Lett lue og Petrol lua, her og her. 

           
Eg fikk strikka ferdig Vinterrose votter og Selbuvott or Not, her og her.
       

Grå genser:
Dette er eit prosjekt som eg begynte på for eit år sida, planen var at det skulle bli ein genser med to farge felt. Mørk grå og lysgrå. Planene endrer seg, spesielt også når prosjektet blir liggande lenge. Eg har til no strikka ferdig bolen, men eg har felt av for stramt. Den eine armen ha reg strikka halv veis på. Eg håper at den snart blir ferdig og at det kan bli ein alright genser, men foreløpig føles det litt halveis og den er rar på. 
Beklager dårlig kvalitet på bildet.

Eg strikker i Lerke. Foreløpig syns eg det garnet er litt for glatt og eg er spent på korleis garnet oppfører seg etter vask og blokking. Nokon lesere som har erfaring med det garnet??

torsdag 30. oktober 2014

Vinterrose votter


Det er alltid godt å bli ferdig med prosjekter som har logge lenge. Eg fant ut at det var på tide å få ferdig dette votteparet. Første gang eg viste det på bloggen var i juli 2012. Egentlig ein skam at det har logge så lenge. 

Det er litt forskjell på dei to vottane. Den eine har eg vært nøye med fargedominansen på, mens den andre har eg ikkje vært så nøye. Tommel aukinga er også forskjellig, men det såg eg ikkje før eg var ferdig med vott nr 2. Det blir litt sånn når det eine votten har logge lenger enn den andre. Heldigvis er det ikkje forskjellig strikkefasthet på dei. 
Vottane vart store i størrelsen, så dei passear ei stor damehånd. 

Garn: Rauma Finull og PT2
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 85g
Oppskrift: Her.

torsdag 23. oktober 2014

Restegarn: Petrol

Del 10 av serien om restegarn.

Eg hadde to nøster alpakka garn eg ikkje har prøvd før liggande. Er ikkje det typisk? Å, det er eit garn eg ikkje har prøvd før. Eg bare kjøper to nøster og så blir det liggande med ingen tiltenkte prosjekter. Det er ein av hovedgrunnene til at eg har dette prosjektet. Nettopp for å bli kvitt mange av dei nøstene som det bare er ein eller to av i lageret.

Denne lua er strikka med dobbel tråd fordi eg liker å strikke luene på pinne 4 og 5. Tykke luer liker eg bedre enn tynne luer, sjølv om det absolutt er kjekt med det også. Eg er ikkje så glad i å strikke strukturstrikk, men på luer er det moro å strikke sånne mønster. Dette er bare ein ny måte å strikke rett og vrang kombinasjon på. Veldig enkelt!



Fargen er nydelig petrol med spetter av forskjellige blå og grønn farger i tråden. Bildet gir eit dårlig inntrykk av fargen (mulig eg bytter det ut). Eg syns lua vart fin, men den føles litt tung.


Pinne: 4,5 og 5
Garn: Alpakka premium fra Schachenmayer smc.
Vekt: 96g
Oppskrift: Her. Eg la opp 84m.

tirsdag 14. oktober 2014

Selbuvott Or Not

På tide å gjør ferdig nokre av dei påbegynte prosjekta. Få litt ledige strikkepinner og litt bedre samvittighet. Desse vottene har vært på lista mi lenge, bare sjå her. Eg har alltid likt votter som er litt spesielle og som skiller seg litt ut fra dei tradisjonelle selbuvottene, derfor falt eg veldig for dette mønsteret. 


Så klart er det eit Torirot desing mønster. Det har vært mange av hennes mønster den siste tida. Eg liker designet hennes godt, og at dei er lagd for sterke farger. Vottene har teksten "Dette er en ekte vott" og "Selbuvott or not". Og så må eg ikkje gløyme sjøhesten på framsida, den er pynta i norsk tradisjon.

Eg valte å strikke dei i ein klar turkis farge med ein mørk raud til kontrast. For å bryte litt, bruke eg ein litt mørkere blå på nokre omganger, tuppen og på begynnelsen av tommelen. Det trur eg at eg må gjør på fleire votter, det gir litt liv i bakgrunnen. Kanskje ein ide er å bruke farger som graderer?

Pinne: 2,5 og 3
Garn: Rauma finull (nr 428) og Pt2 (nr 40) + ein liten rest.
Vekt: 75g

Str: Dame
Oppskrift: "Selbuvott or not" av Torirot design. Ravelry link her. 

søndag 12. oktober 2014

Julegave strikking

Det er på tide med julegave strikking igjen. Ønskene kom tidlig i år. Sokker. Det er ikkje favoritt strikkinga mi, men så lenge eg strikker to samtidig og gjør noko ut av dei blir det greit å strikke. Dessuten kan det være greit å strikke noko enkelt ein gang i blandt også. Nok sokkegarn har eg, så det er ingen fare...

lørdag 4. oktober 2014

Restegarn: Lett lue

Del 9 av serien om restegarn.

Eg hadde eit hespe med grått Drops you 3 garn som eg ikkje hadde noko prosjekt som den passa til. Garnet er ein blanding av alpakka og ull, så det er eit lett og delikat garn. Eg liker også at hespet er spettete i farge med litt lysere og mørkere partier. Det gir eit fint spill i lua.

 Eg strikka ein lang ribb fordi eg liker å kunne brette lua. Då kan man velge om det skal være ei posete lue eller om den skal varme ørene meir. Så strikka eg til eg syns den var lang nok og felte av. Den ser litt bagy ut på bildet under, men den er ikkje så bagy på hodet. Lua er lett, veier heile 44g og den passer til eit lite hode på grunn av den stramme ribben.

Pinne: 4,5 og 5
Garn: Drops you 3 (limited edition yarn). 
Vekt: 44g
Oppskrift: La opp 84m, strikka 2r,2vr til ønska lengde. Auka javnt, og strikka rett til ønska lengde. Fell av.


Her kan du lese fleire innlegg i serien om restegarn.