søndag 31. august 2014

August

Så viser kalenderen siste dagen i august og vi er klare for haust med frisk luft, gule blader, haust mote, frost og ikkje minst strikka plagg og tilbehør. Eg gleder meg til det, spesielt etter den fine sommeren vi har hatt. Håper hausten blir fin og lys. 

I august viste eg fram litt av det eg har strikka den siste tida. Eller det vil si eg fikk strikka ferdig to gaaaamle UFOer. Deilig! Så viste eg fram ei ny lue i restegarn serien. 

For september: Ønsker å få ferdig Lerwicken og strikke ein haustgenser som eg kan bruke i skinnjakka. Eg ønsker også å koma lenger på Fantasikofta.  
Også skal eg løse mysterier:
Tori har igjen starta med mysteriestrikking av votter. Det heile foregår på ravelry i gruppa i make mittens, her. Første clue blir lagt ut 1.september. 

mandag 25. august 2014

Restegarn: Ribbelue med vri


Del 7 av serien om restegarn.
Denne lua strikka eg for ei stund sea, då eg bestemte meg for å bruke opp heile lageret av nepal. Nepal er eit godt garn, men eg er ikkje så glad i å strikke med det garnet av ein eller anna grunn. Uansett vart denne lua til.
Oppskrifta er enkel ribbestrikk med ny vri. Moro å strikke og det gir ein litt meir spennande effekt enn vanlig ribbestrikk. Lua vart god og tøyelig. Eg fikk brukt opp litt meir av nepallageret, men har fortsatt ein del igjen, så det er mulig det blir fleire luer....

Pinne: 4 og 4,5
Garn: Nepal
Vekt: 70g
Oppskrift: Her.

mandag 11. august 2014

Litt luksus sjerf

Så var enda ein UFO ferdig. Ikkje det mest spennande strikketøyet for å være heilt ærlig, men greit å ha noko enkelt å strikke på når ein ikkje kan være så konsentrert på mønsterstrikk.

Eg brukte oppskrifta til Pickles- Litt luksus sjerf, og strikka til eg var lei. Eg burde kanskje ha strikka det litt større for eg syns det vart litt for smalt. Eg får knytta det, og det er det vikitigaste. For å lage min egen vri, slapp eg ned to masker sånn at det vart litt kontraster. Eg strikka med to forskjellige garn for å gi det ein spraglete effekt.

Pinne: 7
Garn: Drops Alpakka (lys turkis) og Sky fra DSA (petrol).
Vekt: 99g
Oppskrift: Fra Pickles her.

søndag 3. august 2014

Pulsvantene Augusta

August starter med pulsvantene Augusta. Eit par pulsvanter som har vært ein UFO ei stund, men har vært ferdig i bloggkøen ei stund. Dei begynte eg på i oktober 2012, så det er på tide at dei er ferdig og ikkje er ein UFO lenger. Det føles godt å få gjort noko som har logge så lenge ferdig.

Dei er enkle å strikke. Falskefletter ser meir avansert ut enn det dei er. Vis du følger anvisningen i oppskrifta klarer du det fint. Perfekte vis ein aldri har strikka fletter før. Med dei falske flettene vart dei flotte å sjå på.

Ingen garnsluk, men fin til å bruke opp små rester på. Dessuten kan dei jo strikkes lenger enn det eg har gjort. Dei blir nok fine å ha ut over hausten og vinteren.
Pinne: 3
Garn: Sandnes alpakka
Vekt: 33g
Oppskrift: Her.