søndag 29. juni 2014

Restegarn: Ribbelue i selvstripende garn

Del 5 av serien med restegarn.
Garnet eg har brukt i denne lua fant eg når eg rydda i ei eske med div ting. Det var bare eit nøste igjen, ein rest etter ein gave for lenge sea (år).
 I og med garnet var selvstripende, valte eg å strikke vanlig ribbestrikk. Då slapp eg også å tenke på kven som skal være mottaker av denne lua. Eg strikka til det var litt igjen av nøstet og felte av i toppen.
Pinne: 8
Garn: Rosendal fra Gjesdal
Vekt: 51g
Oppskrift: Ribbelue: La opp 74, 1r,1vr

lørdag 28. juni 2014

Bill.mrk: Make Ønskes

Å være enslig eller singel trenger ikkje være noko problem, det er det mange som trives med. Luer for eksempel, den kan godt være singel eller einslig. Men ein vott derimot... Man blir liksom ikkje heil med bare ein vott. Det må og burde være to av samme slaget (eller i vertfall ein som ligner). 


Eg håpar at eg får ein sånn "votteskjau" over meg igjen slik at dei kan få seg ein make. Den eine votten er alt nokon år gamal, det får bli test om eg har endra strikkefasthet eller ikkje. Uansett så haster det ikkje, dei rømmer jo ikkje fra strikke posen, og eg har jo egentlig godt tid. Så mange votter som eg strikka i fjor(link) er det ingen fare for om nokon skulle fryse på hendene i vinter.

søndag 8. juni 2014

Hekle litt igjen...


Det er alt for lenge sea sist eg brukte heklenåla. Jammen på tide igjen. Sommerluft får meg til å bytte ut ull med sommerliggarn. Fortsettelse følger...

mandag 2. juni 2014

Mai

Mai måned er eksamens tid som betyr mindre strikking. Det har bloggen bært preg av i stor grad. Heldigvis har eg hatt nokre ferdige ting å vise fram. Lite lyst til å strikke og godt vær har ikkje akkurat gjort at eg har fått ferdig mange prosjekter. MEN eg håper at dette endrer seg nå når eksamenstida snart er ferdig og eg forhåpentlig vis får litt av lysten tilbake.

Dette har bloggen vært prega av:

Kofter.
Eg har faktisk begynt å stikke mi eiga kofte. Det må jo være Valdreskofte  til Valdresjenta. Bildet over er lånt fra Sandnesgarn. Under ser dere begynnelsen på kofta. Eg er godt i gang med ein arm for å sjekke strikkefasthet. Den har fått pause fordi det kom andre prosjekter i veien. 

Luer.
Luene er ein del av restegarnsserien der eg bruker opp restegarn og strikker luer. 
Her kan du lese:


På genseren, Next year in Lerwick, har eg begynt å strikke armer og festa litt tråder på bolen. Det greit å feste litt tråder etterkverdt, det blir mange på ein slik genser. Den første armen har eg komt halveis på, men den er nedgradert til kveldstrikketøy på grunn av varmen. Farge på det eine bildet er meir grønn.



Som belønning for eksamen begynte eg også å strikke eit vottemønster eg lenge har ønska å strikke. Eg veit ikkje om det er mange som husker dette innlegget?  Eg har endelig begynte å strikke Deep in the forest mittens. Utfordrande mønster med ingen like omganger og det er på engelsk. Kjempe moro å strikke. Eg har fått ferdig ein vott, så må få nr 2 på pinne snart.