Nyttår, nye muligheter, nye strikkeoppskrifter, nytt garn, nye UFOer og nye ferdige prosjekter. 2014 står klar med blanke ark og fargestifter, eller garn og pinner. Klart for at vi skal farge det til vårt eget og gjøre det til vårt eget fargerike bilde, eller strikketøy.
2014 er alt godt i gang. Eg har alt komt meg heim fra juleferie, skola har begynt, eg har alt begynt på to nye prosjekter, gjort ferdig ett og prøvd å få ferdig nokon fra i fjord eller året før.
Slik såg 2013 ut:
Det var ikkje eit dårlig strikkeår med tanke på at eg er fulltids student og har nok å gjør på fritida.
- Eg var med i vottealongen til Projo som foregikk på facebook. Eg rakk akkurat å bli ferdig med desembervottene, tross at eg var i Thailand og hadde 6 timers fordel i forhold til dei andre som deltok. Vottene er ikkje blogga ennå.
- Eg rakk å strikke 21 prosjekter.
- 13 votter.
- Ei jakke.
- Strikka opp 2360g og 5632,7m garn.
- Kjøpte meir garn enn eg strikka opp, men har planer for alt!
Eg har begynt å skrive opp alt garn eg bruker på kverart prosjekt, samt litt anna informasjon som kan være nyttig til seinare. Det er spennande og moro å sjå kva garnet blir brukt til og kor mykje som går til vart prosjekt.
Ein anna ting eg også har begynt med er å skrive opp garnet eg kjøper og mengden. Når eg begynner på det, skriver eg opp prosjektet og evt rest som er igjen. Når resten som er igjen er brukt, guler eg det ut med tusj. Det gir meg ein oversikt over inn/ut av garnlageret og gir meg kontroll på kor mykje det minker/vokser.
Mål for 2014:
- Garnlageret skal bli mindre. Noko som vil si at eg må kjøpe mindre garn og strikke meir.
- Eg må også strikke fleire sokker, i gave og til meg sjølv.
- Strikke meir store plagg.
- Få ferdig nokon av dei uferdige prosjektene eg har liggande.
Alle julegavene eg strikka til jul 2013 og dei siste vottane i alongen, er har eg ikkje vist fram her ennå , så dei vil eg vise fram først....