søndag 29. september 2013

Britta Mitten: Projo-vottealong: August votten

Vottene kjem på løpende bånd her. Fikk plutselig tommelstrikkeånden over meg...
Her er augustvotten Britta.
 Også denne gangen valte eg å strikke med fleirfarga garn, men no valte eg ein mørk bakgrunn. Eg liker godt at dei vart så forskjellig fra noko eg tidligere har strikka. Eg liker dei veldig godt. Fargene på det fleirfarga garnet kjem godt fram mot den mørke bakgrunnen.
 Denne gangen vart også fargeskiftet forskjellig. Vottene er likevel like når man ser på dei to vottene sammen. Det hadde vært fint om fargeskiftene hadde vært meir koordinert, men i og med at eg strikker av rester så var det ikkje så enkelt å få til.
Dei er litt små i størrelse, og sitter godt på mine hender.

Garn: Sisu (bunnfarge) og Drops Delight.
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 75g
Oppskrift: Ravelry. (Finnes også i lue).

lørdag 28. september 2013

Ei hand å holde i: Projo-Vottealong: Juli votten

Så var endelig juli-vottene ferdig også. Denne månden vart det pulsvanter; Ei hand å holde i, av Randi K Design. Oppskrift finner du her.
Eg prøver å bruke andre farger enn det eg bruker mest, så eg valte å strikke med oransje og mørke rosa som kontrastfarger. Og eg fikk lære noko nytt med dette mønsteret; latviskflette. Det ser meir avansert ut enn det virkelig er. Bare holde orden på trådene. Ellers var mønsteret enkelt å strikke, eg liker kontrasten mellom den grafiske innsida mot det organiske blomstene på framsida. 

De er litt små, så kan med fordel strikkes på pinne 3.

Garn: Finnull og PT2.
Pinne: 2,5
Vekt: 55g.
Oppskrift: Ravelry.

mandag 9. september 2013

Florisse Mittens: Projo-vottealong: Juni votter (2)

I juni valte eg å strikke begge parene i alongen til Projo. Eg likte begge mønstera så godt. 
Dette er Floriss Mittens som er designa av Bitta Mikkelborg, oppskriften finner du her, det samme designet kjem også i sokker og lue. 
Eg valte også denne gange å strikke med fleirfarga garn, og bruke kvitt på blomstene. Ligner litt på ei blomstereng med kvite blomster. Tilfeldig vart tuppene på vottene oransje og tommlene like i farge. Eg ville ikkje nøste meg farm til like fargeskift, men la det være opp til tilfeldighetene. 

Eg liker godt fargene og kombinasjonen med mønsteret og fargeskiftene i garnet. 


Garn: Sisu fra Sandnesgarn og Nordlys fra Viking.
Pinne: 2,5
Vekt: 60g
Oppskrift: Ravelry.

Det andre paret i alongen til projo for juni kan du sjå her.

tirsdag 3. september 2013

Midnattsol: Projo-Vottealong: Juni votter (1)

Dette mønsteret har stått på strikkelista mi lenge, så eg vart glad når eg såg det var eit av dei mønstera vi kunne velge mellom som junivotter i aongen til projo. 

I og med at vottene strikkes på pinne 3,5, er dei raske å strikke. Det er supert for restegarn. Det gir tjukke og gode votter. Eg er svært fornøyd med mine votter sjølv om eg sleit med å finne riktig fargekombinasjon til å begynne med. Her har eg brukt 5 forskjellige farger i blå, grønn og grå toner. Det var ein utfordring å finne farger som harmonerer godt sammen, som viser mønsteret godt og som (om mulig) kjem fra mitt garn lager. 



Garn: Smart fra Sandnesgarn
Pinne: 3,5
Vekt: 95g