Ein dag fant eg ut at det var på tide å få litt oversikt i dette rotet mitt. Det eg sikter til er garnet mitt. Eg holder på å rydde, telle og veie alt garnet eg har for så å skrive det inn i eit exel ark.
Dette skal gi meg mulgiheten til å sjå kva slags garn eg har og kva slags prosjekter det passer til. Kan være greit å ha den oversikten, i stede for å gå på garnbutikken for å kjøpe garn i stede for at ein kanskje har det sjølv. Eg er godt i gang og på bildene kan du sjå litt av det. Det viser seg (kremt) at eg har store mengder med garn og det er på tide med ein aldri så liten slanke kur!
torsdag 26. april 2012
lørdag 21. april 2012
Work in progress
Endelig kan eg vise fram det eg har holdt på med sea midten av mars. Kjæresten fylte år denne veka og eg hadde bestemt meg for å strikke genser til han. Han fikk space invader lue i vinter, så då var det naturleg at det også vart space invader genser. Eg kunne ikkje rekne med å bli ferdig før dagen hans, men planen var at han skulle få ein liten del av den og at genseren blir ferdig i løpet av våren.
Sånn såg det ut når eg skulle legge det fra meg før påske. Eg hadde fri frå det i påska, mest på grunn at eg skulle holde det hemmelig.
Begynt på ein arm...Og nesten ferdig med den andre.
Sånn såg det ut for nokre dagen før bursdagen hans. Den eine armen er ferdig, eg har komt godt i gang med bolen og den andre armen er eg også godt i gang med. Han fikk den ferdige armen i pakka sammen med litt andre ting.
No slepp eg å halde det hemmelig lenger, så no kan eg strikke på den når eg sjølv ønsker. Eg har komt meg over på mønster delen på bolen og er glad for det. Eg har også strikka eit godt stykke på arm nr 2.
Eg strikkar etter mønster fra Dale designa av Arne og Carlos, og strikkar med Falk. Garnet er eg foreløpig kjempe fornøyd med. Eg hadde litt trøbbel med å få mønsteret på armen til å gå opp, men eg fikk det til og no håper eg at det går likedan med arm nr 2.
Beklager dels dårlige bilder....
torsdag 19. april 2012
Ugle
Eg har hekla denne vesle ugla, etter denne oppskrifta. Garnet eg brukte er gjestal bomull garn pinne nr 3. Eg har også brukt litt broderigarn til auger og nebb. Den fikk også føtter.
Den passer akkurat i håndflata mi, så den er ganske liten. Men det tok litt tid å lage den pga detaljene.
Den passer akkurat i håndflata mi, så den er ganske liten. Men det tok litt tid å lage den pga detaljene.
søndag 1. april 2012
KNEKK!
Bildet sier vel sitt! Eg hadde lagt fra meg strikketøyet i sofaen, og klarte å sette meg på det sånn at to av knit pro pinnane mine knakk(!). Leit syns eg, fordi det er dei pinnane eg likar best.
Dei knakk i mange biter, og eg måtte skynde meg å få maskene over til ein anna pinne. No blir det eit nytt besøk til strikkebutikken!
Dei knakk i mange biter, og eg måtte skynde meg å få maskene over til ein anna pinne. No blir det eit nytt besøk til strikkebutikken!
Abonner på:
Innlegg (Atom)