Eg trenger litt pausestrikk inni mellom det andre eg driver å strikker, eller bare ein unnskyldning for å begynne på noko nytt? Lenge har eg hatt lyst til å strikke ein hals eller eit skjerf til meg sjølv, eg strikker alt for mykje til andre enn meg sjølv. I dag kom eg over denne oppskrifta på Vridd mjuk hals frå Pickles.no.
I oppskrifta er maske antallet 60, men eg valte å tre dobble (180masker) dette og få ein hals som går fleire ganger rundt halsen. Den er så lett og fin i stukturen at eg trur det ikkje vil være eit problem å få det til. Eg strikker med garn eg har i lageret; Sandenes mini alpakka og pinne nr 5 som i oppskrifta. Fargen er mintgrønn. I og med det er ein hals, føler eg at det ikkje er så nøye med strikkefathet i forhold til mål osv. Bortsett fra maskeantallet følger eg oppskrifta til pickles akkurat som den er. Ellers er det uvant å strikke med så stor forskjell på pinner og tråd, men eg blir vant med det.Kanten ruller seg litt opp, så eg må sjå det an om eg hekler eller syr ein kant rundt. Det blir når eg har strikka den ferdig... Innimellom det store prosjektet eg holder på med:)