mandag 31. oktober 2011

Pute

 Denne puta sydde eg trekk til i sommer. Eg brukte stoff fra Tilda kolleksjonen til panduro og eit demin soff eg hadde i sy kurven fra før. Eg har aldri vært så veldig venn med symaskina, men syns det er moro å sy litt inni mellom. Puta er litt skeiv og ikkje alle stripene er like rette, men eg syns det har sin sjarm.
 Baksida på puta. Åpninga er der den store blå delen slutter, den overlapper den vesle delen med prikkete stoff litt. Eg liker puta kjempe godt, og syns at stoffet og fargene er kjempe flotte sammen. Trur det blir fint sammen med lappeteppet eg hekler også:)
Putetrekket bak har eg kjøpt på Kremmerhuset.
Merkelappen min er sydd på. Det blå soffet er kjempe flott, spesielt sammen med prikkene.

tirsdag 25. oktober 2011

Farger...

Farge er spannande. Nye kombinasjoner. Nyanser, lystoner, kontraster, fargeklanger, fargesirkel, varme farger, kalde farger, glade farger, triste farger og kuløre farger... 











-Ein bilde samling av forskjellige fargekombinasjoner og ting med farge.
Farger er ein stor inspirasjon for meg. Favoritten er blå, gjerne i mange forskjellige nyanser. Ein farge eg alltid kjem tilbake til. Farger gjør meg glad!




torsdag 20. oktober 2011

Hexagon teppe #1

Eg er godt i gang med hexagon teppet mitt. Til no har eg hekla nesten alle lappene, foreløpig mangler dei den siste runden. Denne gangen prøøver eg å montere og feste tråder fortløpende. Litt av eit arbeid egentlig! Men veldig moro å få ferdig. Kver lapp måler 13cm i diameter og eg hekler med østlandsgarn og reste garn. Kor mange lapper det blir er eg ikkje sikker på ennå. Eg har 5lapper av kver farge kombinasjon, og har vel passert 70 lapper. Det kjem nok til å vokse i anntall ennå.  Oppskriften fant eg her.




fredag 14. oktober 2011

Space invader lue

Denne lua har vært ferdig ei stund no. Eg er nybegynner når det kjem til strikking og det er faktisk mitt første forsøk på å strikke mønster med fleire farger og tråder. Det er veldig moro syns eg! Blir nok fleire luer etter kverdt. Har nemlig fleire lue planer! Denne lua har min kjære fått! Og eg trur han er fornøyd.
Strikka på pinne 4,5 og i Dale garn Freestyle.



torsdag 13. oktober 2011

Sokker #2 - ferdig!

Endelig er sokkepar nr 2 ferdig. Det tok sin tid. Eg er ikkje så veldig flink til å holde på med eit prosjekt av gangen og sokkene har blidt nedprioritert ei stund. Eg fikk det endelig over meg for å få dei ferdige. Deilig med heime strikka sokker som kan varme kalde føtter gjennom vinteren!



Sokkene er strikka med pinne nr 3 og Drops fabel som er multi farga. Tar litt tid å strikke med, men blir veldig fine sokker. Kan f.eks brukes nedi støvletter. Til dette paret gikk det ca 1 1/2 nøste med garn på str 39. Eg strikka delvis frå denne veiledninga og frå denne oppskriften frå Drops.
-Eg er alt i gang med eit nytt par i restene av dette garnet og ein mørk einsfarga farge. Håper dei blir like bra!

torsdag 6. oktober 2011

Julekort #6

Eit julekort eg lagde for lenge lenge sea (kort tingene mine er nedpakka i ekser, og eg trur dei blir dei ei stund). Papir frå 3endy papir og basic grey. Kakeserviett, chipboard med silver maling dra akrylic dabber, bling, glitter, blonde, halvperler og tekst. Tok meg ei stund og synes dette kortet ser greit ut, men etter kverdt syns eg det faktisk er greit no. Er bare sånn det er i blandt!

onsdag 5. oktober 2011

Når katten er borte, danser musene på bordet...

Vell, det er vel ikkje heilt sånn. Men når eg får leiligheten for meg sjølv, så koser eg meg med garn, hekle pinner, stikkepinner, te og kretivt rot.
Akkurat no holder eg på å hekle ei brikke. Veldig moro, men tar litt lenger tid enn først anntatt. Eg skal også hekle gardin bånd og har begynt på eit nytt lappeteppe. Typisk meg med andre ord!
Eg koser meg og det er jo det viktigste!

Kreativt rot. Ser ut som blå er farge for tida.
Begynnelsen på ei pynte brikke.
Dei fyste lappene til teppet, hexagon denne gangen. Beklager dårlig bilde.